Du er designar og har laga eit flott design, men etter to månader med teknisk utvikling er det fullstending ødelagt! Eller, du er utviklar og mottek ei Photoshop fil der designaren har tenkt gjennom omtrent 10% av det han burde ha tenkt gjennom. På Future of Web Design i London ga Drew McLellan oss nokre tips på korleis me kan gjera overgangen frå design til utvikling smertefri. McLellan er sjølv utviklar og råda hans er derfor fokusert på korleis ein designar kan gjera det enklast mogleg for utviklaren:-)
Som designar er det desse 11 tinga du bør hugsa på å kommunisera til utviklaren:
1. Er layouten din fast eller flytande?
Fast layout er når designet er laga for å passa med ei bestemt skjermoppløysning. Fast layout gjer at ein har meir kontroll på korleis designet ser ut i og med at det ikkje strekk seg med nettlesarvindauget. Ofte er det òg enklare å koda.
Flytande layout fyller nettlesarvindauget og gjer at dei som har store skjermar/høg oppløysning får sjå sida di i stort format. Tekstlinjer kan bli veldig lange og vanskelege å lesa. Som Wikipedia eller Jakob Nielsen sin nettstad på ein brei skjerm.
2. Har du teke høgde for ekspandering av alle felt?
Det kan koma meir tekst og meir innhald enn det som er brukt som eksempeltekst i designet. Kva skjer med dei andre elementa om noko plutseleg vert større? Dette er særleg eit problem for alle dei som framleis brukar Lorem Ipsum tekst og ikkje reelt innhald i designet.
3. Er dei grafiske elementa laga slik at dei kan verta utvida?
Til dømes om overskrifta ligg i ein boks – kva skjer med boksen når teksten bryt over to linjer? Eksemplet er henta frå Gilde si framside – her vert boksen bak litt knapp når den nederste lenkja strekk seg over to linjer (i alle fall i FireFox på min Mac).
4. Har alle interaktive element ein status både med og utan JavaScript?
For dei brukarane som har JavaScript deaktivert bør det vera ei alternativ løysing. Til dømes om ei lenkje opnar ein lightbox må det kanskje òg finnast ei separat side som viser denne informasjonen.
5. Har kvart element ein status for både innlogga og ikkje-innlogga brukarar?
Dersom ein brukar loggar inn på nettstaden, får det konsekvensar for kva som vert vist på sida? Er det nokre element som kun skal visast for innlogga brukarar?
Eksempel frå Twitter som har denne toppmenyen når ein ikkje er innlogga:

og endrar til denne for dei som er innlogga:

6. Har du brukt nokon fancy skrifttypar som truleg treng ein eller annan teknikk for å bli vist rett i nettlesaren?
Dersom du har brukt ein av dei skrifttypane som ikkje finst på dei fleste maskinar må utviklaren nytta t.d sIFR for å visa dei. Har du vurdert konsekvensane av dette? Det er ingen garanti for at det vil fungera ut i frå tilgjengelegheitsomsyn, sjølv om det ser bra ut.
7. Har du laga feilmeldingar/ bekreftingar der dette er aktuelt?
Korleis skal desse sjå ut og kvar skal dei plasserast? Dersom du ikkje lagar noko kjem utviklaren til å gjera dette sjølv, og det er det ikkje sikkert du vert fornøgd med
8. Alle skjemafelt skal ha ein ledetekst og kvart skjema skal ha ein eigen “Send inn”-knapp
I mi verd så vil sjølvsagt dette vera på plass allereie når den grafiske designeren mottek wireframen frå interaksjonsdesignaren. Men om det mot formodning ikkje skulle skje så bør den grafiske designaren ta ansvar og få det på plass.
9. Er PhotoShop-fila di godt dokumentert?
Har du rydda opp og laga gode og forståelege namn på laga dine, slik at det er mogleg for utviklaren å skjøna kva lag som skal av og på for å visa ulike tilstandar?
10. Har du laga pdf’ar for alle tilstandar?
Det kan vera ei utfordring for utviklaren å skjøna korleis alt skal vera, så det kan vera lurt å ha med eit flatt bilete som visar korleis det skal vera.
11. Har du lagt med ein fargereferanse for alle fargane du har brukt?
Dersom du gir fargepaletten med fargekodar til utviklaren og spesifiserer kvar dei er brukt så vert han/ho glad og det vert enklare å få rett farge på rett stad.
Har du nokre erfaringar eller tips frå overgangen mellom grafisk design og utvikling som du vil dela?






7 personer liker dette innlegget
Vi har laget en stor 
10 kommentarer