God brukarvenlegheit og godt design er to sider av same sak. To retningar som eg har sans for akkurat no er den leikne stilen med mange fargar og former og den reine typografiske varianten der dei fleste elementa er tekst.
Her er nokre av dei sidene og designarane eg synst har fått det til:
Mike Kus frå Carsonified / Carsonified si nettside
Klar og reindyrka fargebruk der kvart menyområde er i kun to fargar; ein lys og ein sterk farge. Eg tilrår å gå inn og klikka på dei ulike toppmenyvala; det er veldig stilig. Den enkle fargebruken gjer at det ser ryddig og oversiktleg ut og tillet at det er ein relativt kompleks illustrasjon midt på.

Les resten av "8 sider til inspirasjon for god brukarvenlegheit og godt design"
1
Elmer står for enklare og meir effektiv rapportering og er eit sett med skjemaretningslinjer for det offentlege. Elmer inneheld både layoutkrav og pedagogiske krav (krav til språk, formuleringar o.l) og er grunnen til at skjema frå det offentlege ser ganske like ut. I mange tilfeller trur eg at Elmer-retningslinjene verken gjer det enklare eller meir effektivt å fylla ut offentleg skjema. Det er på høg tid at Elmer møter Web 2.0 og lar seg inspirera. Så, først nokre tips og triks frå Web 2.0-skjema og så er det Elmer-skjemaet sin tur til å få gjennomgå.
Les resten av "Elmer 2.0 møter Web 2.0"
18
Du er designar og har laga eit flott design, men etter to månader med teknisk utvikling er det fullstending ødelagt! Eller, du er utviklar og mottek ei Photoshop fil der designaren har tenkt gjennom omtrent 10% av det han burde ha tenkt gjennom. På Future of Web Design i London ga Drew McLellan oss nokre tips på korleis me kan gjera overgangen frå design til utvikling smertefri. McLellan er sjølv utviklar og råda hans er derfor fokusert på korleis ein designar kan gjera det enklast mogleg for utviklaren:-)
Les resten av "11 tips for å gjera overgangen frå design til utvikling så smertefri som mogleg"
10
På Future of Web Design i London ga Mark Boulton oss innspel om kva skrifttypar ein bør velja på nett. Eit fint tillegg til punktet om “Val av skrifttype” i den tidlegare bloggposten min 7 tips for god typografi på nett.
99% av alle skrifttypar er designa for trykk og ikkje for bruk på nettet. Skrifttypane har som regel blitt utvikla til eit særskilt føremål – meir om historia til mange av dei vanlege fontane. Times New Roman vart i si tid designa for å kunna trykkast fort på dårleg papir og hadde derfor skarpe seriffar som skulle blø ut på papiret. Det er ikkje ein skrifttype for nettet i utgangspunktet sjølv om den ofte vert nemnt som nettsikker fordi den finst på dei aller fleste datamaskinar.
Les resten av "Skrifttypar på nett – Future of Web Design"
Diskusjonar om typografi på nett handlar som regel om seriffar eller ikkje seriffar, minimumsstorleik og kontrast. Men, typografi er så mykje meir. I følgje Wikipedia er typografi: “læra om bokstavar og grafiske element, og bruken av dei.” Så typografi er ikkje bare skrifta sett for seg sjølv, men den må sjåast i samanheng med det som er rundt.
I bloggposten “Web design is 95% typography” seier Oliver Reichenstein “Å optimalisera typografien er å optimalisera lesbarheiten, tilgjengelegheiten, brukarvenlegheiten og overordna visuell balanse. Å organisera tekstblokker og kombinera dei med bilete,- er det ikkje det grafiske designerar, brukarvenlegheitsspesialistar, informasjonsarkitektar gjer?”
Så korleis lagar du god typografi?
Les resten av "7 tips for god typografi på nett"
25
Brukarprofileksperten Steve Mulder heldt ein workshop på Software 2009, “Personas – Beyond the basics” i forrige veke, og her kjem høgdepunkta.
Det er ei utfordring å finna ut kva for nokre brukarprofilar ein skal laga i eit prosjekt. Korleis skal ein sikra seg at brukarprofilane Ola og Kari tilhøyrer dei viktigaste brukargruppene dine? For å koma i gang kan ein starta med å lista opp ulike mål ein brukar kan ha for bruk av sida – det dei verkeleg vil gjera på sida di. For ei tenkt forsikringsside kan dette vera:
- Kjøpa forsikring
- Sjekka pris på forsikring
- Finna ut kva forsikringa dekkjar
Ein annan segmenteringsteknikk kan vera å laga ei matrise basert på oppførsel og haldningar. Korleis varierar brukarane basert på kva dei gjer eller kva dei tenkjer? For den same tenkte forsikringssida kan variablane til dømes vera: frå “kjøper forsikring for første gang” til “rutinert forsikringskjøpar” opp mot kor mykje kjennskap dei har til forsikringsbransjen.
Les resten av "Effektiv bruk av brukarprofilar"
5
Guruen Don Norman var keynote speaker på User Experience 2008 i Amsterdam i går. Norman har gått frå å vera rasjonalitetens forkjempar til å bli ein advokat for emosjonelt design. Hovudpoenget hans denne gongen var at dersom avslutninga er bra sit brukarane att med eit positivt inntrykk av opplevinga. For alle som jobbar med brukeropplevingar kan dette relaterast til at det er minnet som brukaren sit att med som er det viktige og ikkje opplevinga i seg sjølv.
Les resten av "Når enden er god er kunden fornøgd"
Justin Foster (grunnlegger av Video Commerce Consortium i Seattle, Co-grunnleggar av Liveclicker og bloggar på VideoRetailer) opna Webdagene 2008 med å snakka om videohandel som ein del av framtida på web.
Han meiner at ein ser meir og meir bruk av video på internett og at bruk av video i e-handel er det neste logiske steget i utviklinga av handel og reklame på nett.
Fordelen med bruk av video i dag er at alle kan produsera; alt du treng er ein mobiltelefon.
Les resten av "Webdagene 2008: Videohandel i ei YouTube-verd – Justin Foster"
4
I tråd med Lars sin bloggpost Lightbox: Årets interaksjonsdesignteknikk? om bruk av bakepapir for prototyping kjem her ei oppfølgjing med ei oppskrift i sju trinn for vellukka papp-prototyping.

Les resten av "Papp-prototyping – slik gjer du det"
9
A new year is approaching, as well as a new edition of the (in)famous Bad Usability Calendar. The past three calendars have all been successful in distributing examples of bad design around the world. This year it will be even harder for us to come up with good illustrations of bad usability. To make a calendar for 2008 that has the same level of unusual unusefulness, we would love your feedback.
Give us your best examples of bad usability!
The best idea will get an honorable mention, as well as a numbered limited edition of the 2008 Bad Usability Calendar. All suggestions that make the final cut will get awarded.
If you need inspiration, check out the Bad Usability Calendar for 2007(pdf, A4, 1,2Mb). Thank you in advance for all your help.
Let the comments commence
Les resten av "Bad Usability Calendar 2008 under construction – give us your ideas!"
8