elmer_vs_web20_2Elmer står for enklare og meir effektiv rapportering og er eit sett med skjemaretningslinjer for det offentlege. Elmer inneheld både layoutkrav og pedagogiske krav (krav til språk, formuleringar o.l) og er grunnen til at skjema frå det offentlege ser ganske like ut. I mange tilfeller trur eg at Elmer-retningslinjene verken gjer det enklare eller meir effektivt å fylla ut offentleg skjema. Det er på høg tid at Elmer møter Web 2.0 og lar seg inspirera. Så, først nokre tips og triks frå Web 2.0-skjema og så er det Elmer-skjemaet sin tur til å få gjennomgå.

Ledetekstar

Toppjusterte ledetekstar er det som er mest effektivt. Bruk det om du ikkje har nokon særskilte grunnar til å la vera. Det gjer det enklare å skriva lengre og meir forklarande ledetekstar. Under er skjema henta frå Origo.no

Registreringsskjema på origo.no

Registreringsskjema på origo.no

Høgrejusterte ledetekstar (høgrejustert inntil feltet) kan funka. Det krev mindre vertikal plass, men gjer det vanskelegare å skanna raskt gjennom skjemaet på grunn av ujamn venstrekant. Yahoo har gjort dette betre med å gruppera felta med skannbare overskrifter.

Registreringsskjema på Yahoo

Registreringsskjema på Yahoo

Venstrejusterte ledetekstar bør i hovudsak ikkje brukast. Dersom det er uvanlege/ukjente opplysningar som skal inn kan det vera ei løysning sidan det gjer det lettare å skanna gjennom alle ledetekstane for å få oversikt over kva det vert spurt etter.

Skjema frå Hotels.com

Skjema frå Hotels.com - ikkje eit eksempel til etterfølgjing

Nødvendige felt

Tenk over kva opplysningar du må ha og kva du bare synst er kjekt å ha. Dess færre felt du har, dess mindre brukar du av tålmodet til brukaren din. Der brukaren må logga seg inn eller registrera seg er det viktig at dette ikkje kjem i vegen for at brukaren får gjort det han skal. Amazon har løyst dette fint ved å la brukaren få fortsetja med handlinga si og så la han oppretta passord seinare.

Innlogging på Amazon

Innlogging på Amazon

Dersom det er fleire opplysningar du ønskjer, bør du la brukaren registrera seg raskt i første omgang og heller la dei leggja inn fleire opplysningar i etterkant. Slideshare lar deg opprett ein brukar med brukarnamn, epostadresse og passord. Går du inn og ser på profilen din seinare så får du mogleik til å leggja inn fleire opplysningar med ein indikator på kor komplett profilen din er.

Profilside på SlideShare

Profilside på SlideShare

Valfrie/obligatoriske felt

Regelen her er enkel og grei; marker dei felta det er færrast av – enten med “Valfritt” eller “Obligatorisk”. Eksemplet under er frå eit påmeldingsskjema frå våre eigne nettsider der dei to felta som er valfrie å fylla inn er markert.

Påmeldingsskjema til kurs hos NetLife Research

Påmeldingsskjema til kurs hos NetLife Research

Hjelpetekstar

Når hjelpeteksten nærmast er nødvendig for å fylla ut skjemaet bør den alltid vera tilgjengeleg og stå i tilknytning til feltet. Storebrand brukar slike hjelpetekstar i forsikringsløysninga si.

Skjema frå Storebrand skadeforsikring

Skjema frå Storebrand skadeforsikring

Der det er mykje hjelpetekst kan ein la det aller viktigaste vera synleg og lenka inn til ein light box for å få opp meir informasjon, som i eksemplet nedanfor frå Ebay.

Skjema frå Ebay

Skjema frå Ebay

Særs viktig for hjelpetekstar er å fjerna dei som er unødvendige. Med eit kritisk blikk på eit Elmer-skjema hos ein kommune, så er noko av problemet at mogleiken for å gi hjelpetekstar vert brukt der det ikkje trengst og skjult bak eit i-ikon. Dette førar til ekstra klikking for ingen hjelpande informasjon, som i skjemaet nedanfor der hjelpeteksten til “Telefon dagtid” ikkje gir meir meining.

Utdrag frå Elmer skjema

Utdrag frå Elmer skjema

Innskrivingsfelt

Lengda på feltet skal kommunisera kva opplysningar som skal inn, t.d at eit postnummerfelt ikkje treng å ha plass til fleire enn 4 siffer. Har du mogleik bør du òg validera opplysningane som vert skrivne inn etterkvart, så unngår du at brukarane skriv inn feil og må gå tilbake i skjemaet i etterkant. I eksemplet under frå Newsvine.com sjekkar dei umiddelbart om brukarnamnet eg ønskjer er tilgjengeleg.

Registrering av brukar på Newsvine.com

Registrering av brukar på Newsvine.com

Navigering i skjema

Uansett om skjemaet er over fleire sider eller ei så må det vera tydeleg kva som er primæraksjon og kva som er sekundæraksjon. Aksjonar som Lagre, Send inn eller Gå vidare bør vera store knappar. Avbryt, Gå tilbake og Tøm skjema bør vera små lenkjer. Godt eksempel frå BaseCamp i skjermbiletet for å oppretta ein ny milepæl; stor knapp for å laga milepælen og lita lenkje ved sida av for å avbryta.

Oppretting av milepæl i BaseCamp

Oppretting av milepæl i BaseCamp

Eit eksempel på korleis ein ikkje bør gjera det finn ein hos NAV der ein skal bestilla Europeisk helsetrygdekort. I tillegg til at knappane ser heilt like ut er Nullstill-knappen plassert der ein vanlegvis blar seg vidare til neste side. Eg måtte prøva eit par gangar før eg fekk det til.

Bestillingsskjema for helsetrygdekort

Bestillingsskjema for helsetrygdekort

Gjer det meir moro

Det er vel dei færraste som fyller ut skjema fordi dei synst det er moro i seg sjølv. I dei aller fleste tilfella er skjemaet noko ein må gjennom for å få gjort det ein skal. Då kan det vera fint å gjera opplevinga bare litt betre med humor. Som å skulda advokatane for at ein må akseptera avtalevilkåra hos TurboTax i eksemplet nedanfor.

Akseptering av avtale på TurboTax

Akseptering av avtale på TurboTax

Registreringsskjemaet hos Ethnio gjer at humrar medan ein fyller det ut. Mange fine kommentarar/hjelpetekstar nedover – utan å forkludrar enkelheiten i skjemaet. Kommentaren på val av tidssone er min personelege favoritt.

Registreringsskjema hos Ethnio

Registreringsskjema hos Ethnio

Redesign av Elmer-skjema

Skjemaet under er eit typisk Elmer-skjema frå ein norsk kommune (skjemaet er ekte og vart funne på nettet.) Poenget er ikkje å henga ut nokon, så for høvet er det anonymisert.

Skjema for å søkja på stilling

Skjema for å søkja på stilling

Skjemaet ser tungt og byråkratisk ut, så eg har gjort ein redesign av det basert på triks og tips frå Web 2.0 verda.

  1. Kva felt treng ein?
    • Fødselsnummer: treng ein fødselsnummer for å søkja på ei stilling? Må det vera med så bør ein i det minste seia kvifor ein må oppgje det.
    • Poststad bør koma automatisk opp etter at ein har lagt inn postnummer og treng ikkje ha eige felt
    • Felta for nasjonalitet og kjønn er eg usikker på kva motivasjonen for å spørja om er – er ikkje dette meir “kjekt å veta”- informasjon? I mange tilfeller kan ein lesa dette ut i frå namnet. Dersom ein framleis skal spørja om fødselsnummer så vert ein vel definert som norsk så lenge ein har norsk fødselsnummer.
  2. Ledetekstane bør vera toppjusterte over innskrivingsfelta. Det går raskast å fylla ut og gir eit meir ryddig uttrykk.
  3. Unngå krøkkete formuleringar – bruk vanleg språk. I staden for å ha eit spørsmål som “Skal søknaden haldast attende frå offentlegheit” med kun ein sjekkboks med “Ja”, bør ein formulera dette meir aktivt og heller la felt for grunngjeving koma opp dersom ein hukar av.
  4. Navigasjonen i skjemaet bør prioriterast. Knapp for å gå til neste side bør vera stor, og avbryt bør vera ei lita lenkje.
  5. Hjelpeteksten bør inkluderast der den trengs (og fjernast der den ikkje trengs!).
    • Forklaring av kva “Telefon dagtid” er er unødvendig.
    • Hjelpeteksten for fødselsnummer bør inkluderast i ledeteksten: Fødselsnummer (11 siffer). Erfaringsmessig kan folk ofte blanda om det er fødselsdato, personnummer eller heile fødselsnummeret og talet på siffer kan derfor vera til hjelp.
    • For hjelpetekst til kor vidt søknaden skal haldast attende frå offentlegheita, så bør denne vera synleg. Eg tippar det er fleire enn meg som ikkje forstår dette heilt. Dersom ein av ulike årsaker ønskjer at søknaden skal atterhaldast offentlegheita så er det ok å få veta at det finst unntak. Sidan teksten i dette tilfellet er ganske lang kan ein lenkja inn til ein lightboks med meir informasjon.
  6. Ta vekk unødvendige og forstyrrande element.
    • Navigeringsmenyen til venstre er ikkje det viktigaste på sida og bør tonast ned.
    • Innlogging til Min ID ser ikkje ut til å vera nødvendig i søknadsprosessen, så inntil motsette er bevist så forsvinne denne òg
    • Fargevalet kan med fordel gjerast litt lettare
  7. Gjer det bittelitt meir moro. Det er ikkje så mykje som skal til. Sleng til dømes på ein kommentar bak feltet “Telefon dagtid” for å forklara kvifor det trengs. Det er sjølvsagt fordi kommunalt tilsette ikkje jobbar etter klokka 16.
Skjema for å søkja på stilling, redesigna

Skjema for å søkja på stilling, redesigna

Kva syns du om redesignet? Blogginnlegget er basert på eit kveldsforedrag eg har holdt her i NetLife Research, så for dei som var tilstades her vart dette ein liten repetisjon.

Lik dette innlegget 5 personer liker dette innlegget
Loading ... Loading ...

18 kommentarer


2mas
22. september 2009
kl. 10:45

Fin artikkel!
Har du noen gode lenker til rapporter som dokumenterer litt hvorfor plasseringen av knapper skal/bør være slik som i siste eksempel?


Torstein
22. september 2009
kl. 12:07

Fin artikkel, enig i det vesentlege.

Ein liten kommentar til det med nasjonalitet og kjønn, likevel: for ein del offentlege stillingar vert kvinner eller personar med minoritetsbakgrunn oppmoda til å søkja, og prioriterte ved elles like kvalifikasjonar. Då må ein vita om søkjaren tilhøyrer ei av desse gruppene. Ein norsk sakshandsamar ville ikkje nødvendigvis skjøna at Marion Mitchell Morrison var ein mann.


Kåre G
22. september 2009
kl. 12:46

Kjempeflott post!

Apropos kjønn- Har en fødselsnummeret så kan en lese kjønnet ut fra det: Er siste tall partall = hankjønn, oddetall= hunkjønn.


Johan Høgåsen-Hallesby
22. september 2009
kl. 12:58

@2mas: Det er gjort mye fin research på knappeplasseringen du refererer til, skjønt det er ikke et område med absolutte svar. Denne artikkelen kan imidlertid være en fin pekepin: http://measuringuserexperience.com/SubmitCancel/index.htm

Argumentet om å plassere ‘Next’ er ofte knyttet til at det gjør flow gjennom skjemaet enklere. Men jeg stusset også intuitivt over plasseringen så det hadde absolutt vært interessant å høre artikkelforfatters tanker om dette også.

(Veldig fin post, btw)


Klara Vatn
22. september 2009
kl. 20:53

Det var to workshops i vintras der Brønnøysundregistret bjød inn til diskusjon om Elmer 2-standarden og om den skulle oppdateres. Vi var mange der som pekte på at standarden ikke er oppdatert med det som sker ute på nettet. Synd at ikke noen fra er var der, fordi det trengs fler røster for å vise på mange forbedringspunkter i Elmer-standarden.


Martha Lyngnes
22. september 2009
kl. 22:57

Takk for gode kommentarar!

@2mas: Luke W har skrive ein bloggpost om temaet om kvar knappar for ein prosess i eit webskjema bør plasserast. http://www.lukew.com/ff/entry.asp?730 Konklusjonen hans er at det kjem an på. I ein handleprosess kan ein gå ut i frå at dei fleste bare vil framover og koma gjennom prosessen og at “Continue” derfor er primæraksjonen og stå til høgre. I ein litt meir omstendeleg prosess der ein kan sjå for seg at folk vil gå litt fram og tilbake kan “Next step” plasserast til høgre og “Previous step” til venstre. I redesignet ovanfor kunne eg nok vurdert å ha “Forrige side” òg som ein knapp sidan eg tenkjer meg at folk kjem til å klikka fram og tilbake mellom stega. Luke W har òg skrive ein bloggpost om plassering av “Submit”- og “Cancel”-knappar der skjemaet kun er på ei side: http://www.lukew.com/resources/articles/PSactions.asp

@Johan Høgåsen-Hallesby: Fin artikkel! Den viser (som Luke W òg seier) at det kjem an på.

@Klara Vatn: Det hadde eg dessverre ikkje fått med meg. No har eg meldt meg på Elmer si kontaktliste, så då satsar eg på å få det med meg neste gang det skjer noko:) Dersom nokon andre òg vil halda seg oppdaterte om utviklinga av Elmer-standarden kan ein melda seg på kontaktlista http://www.brreg.no/elmer/kontakt.html


PoPSiCLe
23. september 2009
kl. 02:30

Meget interessant. Det offentlige er noen sinker når det gjelder design og brukervennlighet på nett, og det er ofte ekstremt krøkkete formuleringer, foreldet kode, og svært få “fiffige løsninger” (som f.eks. bruk av lightbox til forklaringer mm.)

Det hadde vært flott om noen som jobber med slike ting til daglig ble tatt med på en evt. revidering av Elmer-standarden, og at man kanskje gikk litt vekk fra å “kopiere papirskjemaene og legge dem ut på nett”. For det er dessverre det som ofte skjer. Ofte virker det som om de i tillegg har gjort sitt beste for å beholde fargevalgene.


Ole Fredrik Lie
23. september 2009
kl. 09:44

Kåre G: Det er rett som du sier at en kan lese kjønn utfra fødselsnummer. Men det er det tredje sifferet i personnummeret angir kjønn: kvinner har partall, menn har oddetall. :)


Tor Nygaard
23. september 2009
kl. 09:44

Som koordinator for ELMER-utviklingen ( i regi av Brønnøysundregistrene) synes jeg det er flott å se diskusjonene rundt brukevennlighet i skjemaer. Dette temaet, som i mange år ble oppfattet som kjedelig og uviktig, er nå hett debattert. Det har både ELMER og dere i private usabilitymiljøer all ære av.

Jeg har ikkt tid/plass til å gå inn på alle punkter i artikkelen her, men må nok peke på at ELMER ikke er uenig i NOEN av Marthas synspunkter. Mange av dem er ELMER-krav, for eksempel: Inkludere hjelpetekst som TRENGS (i ELMER kalt “framskutt hjelpetekst”)= artikkelens forslag 5, tilpasse språket til de mest ukyndige brukerne=forslag 3.

Men i en vanskelig balansegang mellom stram styring og designfrihet har ELMER ikke tatt stilling til en del av de plasseringsvalgene artikkelen diskuterer. Jeg personelig er enig i dem, men vi vil ikke STYRE mer enn nødvendig.
Når det gjelder “Kva treng ein”, har vi vært forsiktige med å stille KRAV om HVA en virksomhet skal spørre om. ELMER handler om og regulerer HVORDAN du skal spørre hvis du først spør.

For interesserte: Vi kjører heldags ELMER-kurs 8. oktober. Morsomt og nyttig.
Og får man det med seg, risikerer ikke ELMER fullt så mye kjeft for valg gjort av designer/skjemaverktøy “på utsida” av standarden. Påmelding: http://www.brreg.no/kurs/skjemavett.html


Anonym
25. september 2009
kl. 01:11

Enig med Tor her. Dette er litt skivebom. Ingenting av den “kritikken” som blir nevnt i artikkelen handler om Elmer-standarden. Faktisk synes jeg at Elmer holder seg veldig bra til tross for at den har noen år på baken.


Lars Uppheim
28. september 2009
kl. 15:51

Jeg er veldig enig i alt som står i denne artikkelen bortsett fra én setning; ” I mange tilfeller trur eg at Elmer-retningslinjene verken gjer det enklare eller meir effektivt å fylla ut offentleg skjema”.

Hvordan ville offentlige skjema på nett ha sett ut om ikke ELMER hadde eksistert? Jeg kan bare tippe på at det hadde vært noen gode og maaange dårlige, men én ting er sikkert; det hadde ikke vært mange som var design- og layoutmessig like.

For en som var med å starte ELMER-prosessen er det selvfølgelig lett å komme i forsvarsposisjon. Ikke på grunn av at jeg vil beholde ELMER uforandret, men fordi jeg mener vi skal være forsiktige med å undergrave den absolutt eneste muligheten vi har til å påvirke en enhetlig presentasjon av offentlige skjema på nett.

Sett fra bedriftenes side ønsker vi oss en standard. Vi ønsker oss enhetlige skjema, og vi ønsker oss selvfølgelig gode skjema. Derfor ønsker vi velkommen alle gode innspill. Men vi trenger innspill som tar oss et stykke videre.

I all hovedsak er det svært få av forslagene i denne artikkelen som faktisk ikke lar seg implementere selv innenfor dagens ELMER-spesifikasjon. Hovedproblemet med bruk av ELMER-spesifikasjonen i offentlige skjema er kompetanse om hva ELMER faktisk inneholder og realisering av skjema basert på dette. I mange tilfelle blir skjema brukt som eksempel på svakheter med ELMER når problemet egentlig er at skjemaet ikke er korrekt implementert i forhold til ELMER-spesifikasjonen.

Jeg synes absolutt at NetLifes søknadsskjema fungerer mye bedre enn det ”kommunale” og jeg håper at NetLife Research og andre debattanter blir med på å videreutvikle (eller reformere?) ELMER slik at norske skjemautfyllere får en bedre hverdag.

Mvh Lars Uppheim, NHO


Martha Lyngnes
2. oktober 2009
kl. 16:40

God diskusjon:)

@Tor Nygård og Lars Uppheim: Eg er enig i at setningen “I mange tilfeller trur eg at Elmer-retningslinjene verken gjer det enklare eller meir effektivt å fylla ut offentleg skjema” nok er litt spissformulert. Kritikken går hovudsakleg til mange av dei skjema som er laga med utgangspunkt i Elmer-retningslinjene. I seg sjølv treng ikkje skjema å bli dårlege ved å følgja retningslinjene; kritikken mot Elmer ligg i at ein samstundes kan følgja dei og laga dårlege skjema. Som bakgrunnsinformasjon deltok eg på heildagskurs om Elmer i vår og kjenner eindel til kva som ligg i og ikkje ligg i retningslinjene.

Som Tor Nygård påpeiker så vil ikkje Elmer styra meir enn nødvendig. Eg trur at Elmer retningslinjene legg for mykje ansvar på den som skal laga skjemaet. Når ein ser at mange skjema som støttar seg på retningslinjene vert dårlege bør ein ta konsekvensane av det og gjera dei meir styrande. Det er dei som lagar retningslinjene og som har kompetanse innanfor skjema som kan dette best. Eg trur mange som sit med ansvar for å laga skjema vil sjå på det som ei hjelpande hand og ikkje som ei tvangstrøye. Men her kunne det vore fint med innspel frå folk som lagar skjema?


Kristian
23. oktober 2009
kl. 13:45

Sitter selv og lager skjema i en fylkeskommune, denne artikkelen er god å ha fått med seg :)

Du har et godt poeng når det gjelder hjelpetekstene. Her er du i konflikt med Elmer 2.0, den sier at “hjelpetekst presenteres når brukeren klikker på et standardisert hjelpeikon (…), fjernes ved et nytt klikk” (punkt 1.3.2).

Jeg opplever ikke at Elmer-standarden i utgangspunktet overlater for mye til den som skal lage skjemaet. Noe av det du påpeker kunne sikkert vært innarbeidet i standarden, i hvert fall som anbefalinger.

Men eksemplene som er vist i Elmer-dokumentasjonen er ikke gode. Det typiske Elmer-skjemaet i denne artikkelen er nærmest en kopi av figur 1 i Elmer 2. En referanseimplementasjon for et godt Elmer-skjema med et brukervennlig design hadde vært veldig nyttig å ha.


Hege Line
12. november 2009
kl. 14:37

Noen som kjenner til gode skjemaløsninger, der man skjemaet automatisk skjuler / viser grupperinger av inputfelt på bakgrunn av input som brukeren gjør i skjemaet? Veldig nyttig i lange, tungrodde skjemaer !


Svein Ølnes
18. november 2009
kl. 20:24

Mange gode poeng her, og eg synest også du dokumenterer grundig med gode eksempel. Alt i alt er ELMER eit godt tiltak som har løfta offentleg skjemautforming (kanskje dei føretrekk dialog..).

Eit viktig poeng med ELMER som eg har diskutert på min eigen blogg: Det manglar ein knapp for å lagra. Ein må faktisk klikka ‘Avbryt’ når ein er ferdig og det er jo ikkje akkurat logisk. Det vart forsvart med at det er autolagring, men det held ikkje. Veit ikkje om dette har vorte retta opp.


Vigleik Norheim
1. juli 2010
kl. 16:35

Takk for bra artikkel, Martha :) Min hypotese er at ein standard aldri kan garantera eit godt resultat; berre sikra eit heilt greit, akseptabelt minimum. Dei tre-fire siste åra har eg jobba i bransjar som er overlessa med standardar for interaksjonsdesign, utan at eg har vorten imponert over nivået på sluttresultatet. Mulig eg er litt pessimistisk, men for å få eit verkeleg godt resultat (som ditt skjema) vil ein alltid vera avhengig av spisskompetanse. For koordinatorane av ELMER-utviklinga meiner eg at dette er like viktig å få med seg som reglar for skikk og bruk i skjemautvikling.


uberVU - social comments3. november 2009
kl. 01:07
Social comments and analytics for this post... This post was mentioned on Twitter by IXDnorge: Fin blogg om skjemadesign fra Netlife: http://bit.ly/20IW9K...
[...] This post was mentioned on Twitter by Eirik Hafver Rønjum and Øyvind Henriksen. Øyvind Henriksen said: RT @netliferesearch Ny bloggpost på IAllenkelhet.no: Elmer 2.0 møter Web 2.0 http://cli.gs/NsRHT <- Om design av skjema, med skjermbilder [...]

Gi oss din kommentar

eller