90% av alt innhald på nettet suger. Fordi vi ikkje er bevisste på kva vi produserer, og kvifor vi gjer det.

Innhaldsguru Gerry McGovern er mannen som veit mest både om problemet og om kva som bør gjerast med saka.

10.-11. november 2008 heldt han ein to-dagars Masterclass om kundesentrert publisering i Oslo for vel 40 norske webredaktørar .

Gerry McGovern
Breathe slowly and repeat after me: We – Are – Not – The – Centre – Of – The – Universe. The – Customer – Is.

Her har du til beste ei samling bloggpostar som oppsummerer dei viktigaste poenga til Gerry (betre seint enn aldri):

PS! 27. – 28. april 2009 er Gerry McGovern tilbake i Oslo for å holde ny Masterclass. Det er framleis nokre få plassar igjen, så meld deg på i dag om du vil være med!

Stem denne posten nedStem denne posten opp (+5 rating, 1 votes)
Loading ... Loading ...

2 kommentarer


Svein Ølnes
25. april 2009
kl. 08:31

“We – Are – Not – The – Centre – Of – The – Universe. The – Customer – Is”
Ja, men alle har jo det som utgangspunkt, i alle fall dei fleste.

Øyvind Litlere i Bouvet hadde eit interessant innlegg på Los-seminar i Førde 15. april der han fortalde om utvikling av nye nettsider i Bergen kommune og bruken av Los.

Utgangspunktet for dei nye nettsidene var at brukaren skulle stå i sentrum (!) og alle var einige om det. Men då det kom til stykket og informasjonen skulle fyllast inn, kom innvendingane fort: “Ja, men det er jo ikkje slik me er organiserte!”.

Det nyttar altså lite å snakka om det, og ha det som ein overordna ide, eller reisa seg og framføra det høgt, kollektivt. Det er i møtet med den aktuelle informasjonen og i utforminga av brukardialogane dette må bankast inn, og det trengst verktøy og strukturar som støttar det (Los er eit eksempel på ein brukarorientert presentasjon av offentlege tenester).

[...] ein oppsummering av eit av fleire hovudpoeng frå Masterclass-seminaret med Gerry McGovern 10.-11. november [...]

Gi oss din kommentar

eller