
Kartet til Google er i ferd med å bli ein like integrert del av vår digitale (og fysiske) kvardag som websøket.
Ein enkel handsopprekning på UX Week viste til dømes at nær 90% av deltakarane hadde brukt Google Maps for å finne fram til konferansen, og omlag halvparten av desse igjen hadde brukt mobile versjonar.
Men kordan foregår innovasjon i Google Maps? Her er fire av prinsippa teamet bak Google maps sjølv trakk fram på UX Week 2009:
1) Ikkje akseptere status quo
Sentrale forutsetningar for innovasjon er å ha ein open bedriftskultur og vilje til å eksperimentere. Ifølge Google er det også ein forutsetning for innovasjon at ein aldri er fornøgd med tingenes tilstand, eller kviler på eigne eller andres laurbær.
Utgangspunktet for Google Maps sitt gjennombrudd i 2004 var jo at heile bransjen meir eller mindre hadde slått seg til ro med at kart på nett allereide var løyst. Alle brukte jo modellen til Mapquest, og syntes det var heilt greit å velge mellom zoom- og panoreringsmodus først, så klikke i kartet, og så vente til heile kartet var lasta på nytt på ny side.
Men så kom Google Maps og endra spelet totalt ved å introdusere ein fullstendig ny brukaroppleving, med utgangspunkt i gamle, kjente teknologiar (også kjent som Ajax).
Andre har etterkvart kopiert dei fleste av Ajax-funksjonane (skjønt det tok veeeldig lang tid for norske kartleverandørar). Men i front av utviklinga finn vi fortsatt Google Maps, fordi dei aldri har akseptert status quo.
2) Dyrk dine inspirasjonskjelder
Google er ein ingeniørdriven, teknologifokusert organiasjon, og har følgelig stor glede av å utnytte teknologiske innsikter og nyvinningar som utgangspunkt for innovasjon. Ajax er eit godt døme, men det finst mange andre også.
Lærdommen i dette bør ikkje være at ny teknologi alltid er eit godt utgangspunkt for innovasjon, men at du må ta utgangspunkt i kjerneverksemda og spisskompetansen i din organiasjon også ifht. innovasjon.
3) Design for power users
Vi i NetLife Research har i ulike samanhengar advart mot å ta alle funksjonalitetsforslag fra såkalla “power users” for god fisk og implementere disse direkte.
Google Maps-gjengen kom imidlertid med en rekke gode dømer på at det å la seg inspirere av sine mest motiverte brukarar til å drøyme opp nye løysingar kan være svært så fornuftig.
Google Maps har nemlig ein god del “users who spend an insane amount of time working around our user interface and processes”, og bruker det som ein drivkraft for innovasjon “to design for the people that are hardest to make happy”.
Lego har gjort noko av det same når dei har invitert sine aller ivrigaste vaksne fans til å bli med på produktutviklinga.
Og du kan også lære mykje av å snakke med dine ivrigaste brukarar, og invitere dei med på samtalar, intervju og produktutvikling.
Men hugs at det er eit langt stykke fra “design for power users” til å ta implementere alle edge case feature-requests fra power users berre fordi dei tilfeldigvis er i stand til å formulere ein behova sine på kravspesifikasjonsk…
4) Bruk rammeverk for å evaluere ny funksjonalitet
Ein kjempeutfordring for Google Maps, og sannynlegvis dei fleste av oss, er å balansere følgande to omsyn:
* å gi rom for nye idear, samstundes som ein kan
* behalde ein heilheitleg tilnærming (konsistens) i produktet.
Google Maps sin tilnærming til dette problemet er utvikle eit rammeverk av kjernekonsepter, dvs. grunnleggande idear som både designarar, utviklarar og brukarar enkelt kan gjenkjenne.
Teamet presenterte 3 av 10 kjernekonsepter, som er som følger
- Google (on the) map: Kartet er i prinsippet berre ein annan måte å vise den same informasjonen som websøket
- All info skal knyttast til stadar på karter (places)
- Meir zoom gir meir detaljar
Desse enkle prinsippa blir så brukt til å ta avgjerdsler både på mikro- og makronivå i tenesta. Når ein t.d. utvikla street view-funksjonalitet i kartet, var det zoom-prinsippet som avgjorde kordan denne best kunne integrerast.
Tilsvarande kan lista med kjernekonsept også utnyttast kreativt, ved å t.d. tenke seg alt som kan skje når ein zoomer lenger og lenger inn i kartet.
Til slutt
Før du kopierer suksessformelen til Google Maps, hugs at Google er Google, Amazon er Amazon og du er deg…
Som teamet bak Google Maps uttrykte det: Sjå aldri på konkurrentane for å kopiere funksjonalitet (iallefall ikkje direkte), men sjå etter kjerneinnsikt og kordan du kan utnytte dette til å drive innovasjon i din kontekst.
Har du andre tips og innsikter om innovasjon? Del det gjerne med oss andre






6 personer liker dette innlegget
Vi har laget en stor 
4 kommentarer