Per-Erik Skramstad spør:
Hvis NetLife offisielt mener at “masseproduserte landingssider trenger ikke å være ulovlig”, så tror jeg mange ville være interessert i å høre hva de mener med dette.
Det grunnleggande prinsippet i Google sine retningslinjer er at ein skal utforme sider for brukaren, ikkje for søkemotoren.
I dette ligg det, så vidt vi kan sjå, ikkje noko forbud om å designe brukaropplevinga spesielt for brukarar som kjem til nettstaden via ein søkemotor.
Faktisk trur vi brukaropplevinga kan bli betre for alle partar ved å tenke smart rundt landingssider.
Eksempel 1 – “skjulte” nivåer
Ta følgande tenkte eksempel som utgangspunkt:

I dette eksempelet har vi eit mellomnivå “Forsikringer” i strukturen som er relativt uinteressant for brukarar som aksesserer nettstaden direkte frå forsida og kan navigere direkte til produktet.
Dette mellomnivået er derimot svært interessant å utnytte som landingsside for brukarar som søker på forsikringsrelaterte triggerord på Google.
Vi kan dermed velge å “skjule” mellomnivået i forsideteksten (ved å gjere lenka “usynlig” men klikkbar, sjå teksteksempel i figuren) og i menystrukturen på nettstaden (unntatt i innhaldsoversikter).
I effekt har vi dermed laga ei skjult landingsside som framleis er ein del av strukturen på nettstaden, men som kan optimaliserast rundt dei behova ein brukar som kjem via søkemotor eller andre som har lenka inn til forsikringsoversikten.
Eksempel 2 - long-tail-søkeord på sida av strukturen
Tilsvarande kan vi tenke oss eit flyselskap som (innlysande logisk eigentlig) dedikerer ein heil seksjon av nettstaden sin til Destinasjoner, der ein beskriver dei ulike reisemåla på ein brukarvennlig (og søkemotoroptimal) måte.
Seksjonen Destinasjoner treng ikkje å være ein synlig del av menystrukturen for normale brukarar av nettstaden, men bør være tilgjengelig der det er naturleg (som direktelenker og i innhaldsoversikter).
Den samme tankegangen ligg bak landingssidene “intranett” og “nettbutikk” på netliferesearch.no.
Sjølv om vi fortsatt har litt å gå på i forhold til å fylle desse med relevant innhald, så trenger ikkje slike sider på ingen måte å være auto-genererte eller masseproduserte.
Integrerte, smarte landingssider
Den store forskjellen mellom desse eksempla og etisk tvilsamme doorway-sider, som dei som har fått Prioritet og kundane deira utestengt, er at desse landingssidene:
- ikkje er lausrivne frå øvrig struktur på nettstaden, men kobla saman på logiske måtar
- ikkje er masseproduserte, men har relevant innhald som er gjennomtenkt utfrå konkrete brukarbehov
Så lenge desse momenta er ivaretekne, seier vi eit rungande ja til landingssider som hjelper brukarar å finne fram til relevant innhald; enten dei kjem via Google eller via forsida di.
IA og SEO: To sider av samme sak
Som nevnt i ein annan samanheng bør målet vere at informasjonsarkitektur og søkemotoroptimalisering (SEO) går hand i hand:
Kva godt er det at informasjonsarkitektar lagar feiande flotte navigasjonsstrukturar, så lenge folk ikkje finn fram frå søkemotor? Og resultatet blir heller ikkje bra når ein SEO-aktør kjem inn frå sidelinja og baker inn drøssevis med long tail-landingssider som er fullstendig frikopla frå øvrig struktur.
Eg anbefaler forøvrig kjernemodellen som eit godt tankeverktøy for å ivareta begge desse momenta.
For øvrig: tusen takk til vår gjesteblogger Karl Philip, som under mildt gruppepress fra oss publiserte innlegget Sleip manipulering eller god søkemotoroptimalsering – hvor går grensen?
Kunne du også tenke deg å gjesteblogge for oss? Ta kontakt!








Vi har laget en stor 
4 kommentarer