(Dette ein oppsummering av eit av fleire hovudpoeng frå Masterclass-seminaret med Gerry McGovern 10.-11. november 2008.)
Ok, så det største hovudproblemet er for mykje og for dårleg innhald på nettstaden din. Kordan kan vi legge til rette for å kvalitetssikre innhald? Her er nokre idear frå kursdeltakarane:
- Gå grundig gjennom ein seksjon kvar månad
- Slette alle sider før ein gitt dato, t.d. alle sider før 2006
- Kontakte innhaldseigarer og pålegge dei å oppdatere
- Sjekke etter daude lenkar
- Ein kjelde for innhald – unngå duplikater
- Tlsette ein person som er ansvarleg for innhaldskvalitet
- Slette sider som ingen bruker
- Gi alle sider ein utløpsdato
- Slette alle sider etter 12 månader
- Redaksjonell komité med “iron fist”
- Automagisk påminnelse til innhaldseigar etter 12 månader, må gjennomgåast ellers blir det sletta
- Kvalitetssikre og slette dårleg innhold gjennom viktigaste “task journeys”
- Selge innhaldskvalitet til organisasjon
- Lag ein liste over alt du ikkje vil at kundane skal finne, søk etter dette og slett det
- Vis bilde av ansvarleg leder ved sidan av kvalitetsstempel
- Fjerne alt — innhaldseigarar må argumentere for å få innhaldet tilbake
- Hvis du skal legge til noko må du fjerne noko anna (tenk på nettstaden som ein nattklubb: ingen slepp inn før nokon går
Veldig ofte er saken at dei som laga innhaldet ikkje ein gong hugsar at dei har skrive det.
Problem: Ingen blir belønna for å fjerne innhald!
Vi bør også måle “disaster rate”, dvs. når folk fullfører oppgave men sitter igjen med feil informasjon.
A puppy is not just for christmas. You have to look after it after you get it. Just like content.
Du trenger to strategiar: Ein for å rydde opp i kaoset, og ein for å sørge for at det ikkje skjer igjen.
Her er fleire artiklar frå seminaret i 2008:
- Sett kunden i sentrum
- Cut the crap!
- The task is the brand
- Nettskriving er lenkeskriving
- Sosiale medier: grisete men nødvendig
- Du MÅ kjenne kunden!
- Om customer carewords
- Optimalisering av søk
- Om online marknadsføring
- Overbevis sjefen din
PS! 27. – 28. april 2009 er Gerry McGovern tilbake i Oslo for å holde ny Masterclass. Det er framleis nokre få plassar igjen, så meld deg på i dag om du vil være med!








Vi har laget en stor 
6 kommentarer