Ein litt sleivete spissformulering som har forfulgt meg i det siste er påstanden om at “50% av all trafikk til ein nettstad kjem (eller bør kome) frå Google“.
Desse skjebnessvangre orda falt første gong i innlegget mitt på Fagdagen i januar, og er seinare referert i denne artikkelen på digi.
I etterkant har eg hatt tildels oppheita debattar om denne utsegna med webredaktørar frå diverse store, offentlege nettstader.
Og no får eg også gjennomgå av Mr. Black Hat SEO i dette innlegget, der han kommenterer spissformuleringa mi slik:
[Jeg må] si at jeg er meget forbløffet over en av uttalelsene hans – at Google skal stå for 50% av trafikken til et nettsted.
(…) Min erfaring er, forutsatt at et nettsted faktisk er indeksert, vil et uoptimalisert nettsted typisk ha 8-12% trafikk fra søkemotorer, og etter en optimalisering vil man kunne havne på 20-35%.
La meg først som sist slå fast at den famøse spissformuleringa mi ikkje berre er sleiveite og upresis men faktisk direkte og objektivt feil.
Beklager!
Sånn, der var det sagt.
Tillat meg så å utdjupe kva eg faktisk meinte med påstanden, og kvifor andre former for trafikk enn direkte aksess nødvendigvis blir stadig viktigare i tida framover.
Kva meinte eg eigentleg?
Det eg eigentleg ville med påstanden var å påpeike at andelen direkte aksess til forsida (dvs. at brukaren taster inn www.nettstad.no, eventuelt følger eit eige bokmerke) er sterkt synkande.
I staden oppsøker folk i aukande grad nettstader anten via søkemotorar som Google, eller via andre aksessformer som bloggar, RSS-feeds, direktelenker frå andre nettstader, nyheitsbrev, osv.
Og dette meiner eg bør ha vidtfamnande konsekvensar for kordan vi går fram når vi utformar nettstadar; mellom anna bør forside- og seksjonsside-fokuset tonast ned til fordel for kjernesider (enkelt definisjon: der brukaren helst vil være…).
Det det burde ha stått på den originale Powerpoint-sliden var kanskje “Vi har fokus på forside og seksjonssider – men 50% av brukarane kjem frå Google og andre aksessformar enn direkte aksess så som bloggar, RSS, nyheitsbrev, osv.”
Men det blei dessverre litt langt for ein tolinjers tittel i Powerpoint, så eg valgte altså ein spissformulert snarveg eg no gjerne skulle vært forutan…
Referansen og konteksten for påstanden var forøvrig Joshua Porter sin glimrande artikkel Home Alone? How Content Aggregators Change Navigation and Control of Content (som forøvrig er ein av dei viktigaste inspirasjonskjeldene for kjernemodellen).
Kor kom talet 50 prosent frå?
Porter nevner imidlertid ingenting om andelen trafikk frå ulike kjelder, talet 50 prosent tok eg delvis frå hovudet utfrå eigen kjennskap til aksessloggar.
Den herverande nettstaden burde være eit ikkje altfor atypisk eksempel (sjølv om bloggar generelt har meir søkemotor-trafikk enn “normale” nettstader):

Her på bloggen kjem altså nærmare 20 prosent av dei besøkande via Google, og totalt rundt ein tredjedel frå søkemotorar. Ein knapp tredjedel av besøka er direkte aksess til www.iallenkelhet.no, og den siste tredjedelen kjem frå andre nettstader og bloggar, RSS, nyheitsbrev, osv.
Andelen besøk som ikkje er direkte aksess er dermed rundt to tredjedeler, altså godt over 50 prosent som forsøksvis antyda i den originale sliden. Det føltes difor trygt å antyde at rundt halvparten burde være andre aksessformer enn direkte aksess.
Dette mønsteret trur eg gjeld for svært mange nettstader, og hvis mønsteret er sterkt avvikande frå dette meiner eg framleis at det er ein klart indikasjon på ein har eit stort forbetringspotensiale.
Med andre ord: Når over halvparten av trafikken er direkte aksess til forsida burde etter mitt syn alarmklokkene ringe.
Det er nemlig ikkje slik folk brukar weben lenger.
Tilfellet Skatteetaten.no
Først vil eg gjerne beklage overfor Øyvind Thuestad i Skatteetaten at eg nok ein gong trekker fram nettstaden hans som døme. Sorry, Øyvind!
Men la oss likevel sjå nærmare på tilfellet Skatteetaten.no i lys av påstanden ovanfor
Øyvind oppgir at
På skatteetaten.no (en av de mest trafikkerte norske offentlige nettsidene) kommer totalt 6,3 prosent av treffene fra Google (.no + .com). Totalt fra søkemotorene: om lag 14 prosent. Direct access: 72,2 prosent.
Det stemmer heilt sikkert at Skatteetaten er blant dei mest trafikkerte norske offentlege nettstadane. Men det er ikkje dermed sagt at ikkje forbetringspotensialet likevel kan være stort; The largest room in the world is the room for improvement.
Eg trur nok at det i kategorien “direkte aksess” som Øyvind oppgir til 72,2 prosent skjuler seg mange andre aksessformer enn direkte aksess til forsida. Kanskje du kan utdjupe dette, Øyvind?
Men Skatteetaten går også glipp av svært mykje relevant trafikk frå søkemotorane ved til dømes å ikkje ha optimalisere kjernesider for alle bruksoppgåver knytta til å “krympe skatten” som alle er interessert i rundt sjølvmeldingstider.
Eit søk etter “skattefradrag” på Google gir til dømes berre eit einslig treff på Skatteetaten.no, om gaver til frivillige organisasjoner. Det same søket på den interne søkemotoren gir heller ikkje veldig mange fristande treff.
Eg tippar denne artikkelen frå Hegnar Online får svært mange fleire besøk, trass i at den rangerer bak skatteetaten si side på Google.
Min påstand er at gode kjernesider (eller landingssider om du vil) knytta til skattefrådrag ville gitt betydeleg meir relevant trafikk til skatteetaten.
Kvar er oversiktssida/temasida som lister alle skattefrådrag, og kvar er enkeltsidene som forklarar kvart enkelt frådrag på ein lettfatteleg måte?
Slike kjernesider ville også gitt fleire relevante lenker inn frå bloggar, avisartiklar og andre naturlege kontekstar for å oppsøke informasjon om skatt.
Så kva er den optimale andelen?
For å være heilt ærlig så veit eg ikkje kva som er den optimale andelen trafikk frå søkemotor.
Men eg trur nok den optimale andelen for dei fleste nettstader ligg i området 20-30 prosent, og at 50-60 prosent totalt bør være andre aksessformer enn direkte aksess.
Det vil sjølvsagt være store variasjonar i høve til type nettstad. Offentlege nettstader som Skatteetaten og Lånekassen, samt store og kjente merkenamn som Microsoft og Telenor vil nok ha ein relativt høgare andel direkte aksess enn ukjente bloggar og småbedrifter.
Eg er derimot heilt sikker på at andelen folk som går rundt og hugsar og tasta inn lange nettadresser så som www.skatteetaten.no er minkande.
Framsidene våre er rett og slett i ferd med å bli mykje mindre viktig enn kjernesidene.
Det er nettopp difor det er så viktig å lage gode kjernesider som balanserer brukarmål og forretningsmål, lage gode gode vegar inn til kjernesidene via søk, forside, osv. samt lage gode vegar vidare til konvertering og vidare spredning.
Kva trur du? Er 14 prosent søkemotor-trafikk godt nok for skatteetaten.no? Kva er den ideelle andelen søkemotortrafikk, RSS-trafikk, inngåande lenker, osv. i høve til direkte aksess til forsida? Og kva skulle vi debattert viss vi ikkje hadde sleivete spissformuleringar å ta utgangspunkt i?






2 personer liker dette innlegget
Vi har laget en stor 
11 kommentarer