Onsdag 24. januar blir datoen for den årvisse fagdagen til NetLife Research (sjekk oppsummering fra fjoråret her), og du kan like gjerne sette av datoen allereie no. Som tidlegare antyda har vi gjort eit aldri så lite scoop til årets fagdag, og sikra oss “informasjonsarkitekturens far” Peter Morville som foredragsholdar!
Peter Morville er kanskje først og fremst kjent for boka Information Architecture for the World Wide Web – eller “Bibelen for informasjonsarkitektar” – som han skreiv saman med Louis Rosenfeld. Han er også opphavsmannen til diagrammet the User Experience Honeycomb, og seinast den banebrytande boka Ambient Findability. Peter bloggar jevnleg på findability.org.
Vi kjem tilbake med det endelige programmet for fagdagen så snart dette er klart, men Peter vil sannsynlegvis holde ein lengre presentasjon om informasjonsarkitektur og findability med godt rom for spørsmål undervegs. Så sørg for å ha kalendaren fri onsdag 24. januar. Dette blir bra!
PS! Hold gjerne også av torsdag 25. januar. Då skal Morville holde keynote på konferansen KORG2.0, om rolla til biblioteka som kunnskapsorganisatorar i ei web2.0-verd.
PS2! På onsdagskvelden prøver vi også å få til ein framskutt UXnet-meetup med Peter.








Vi har laget en stor 
3 kommentarer