HCI-gruppa ved Sintef innkalte i forrige veke eit knippe aktørar med ulik bakgrunn til å diskutere temaet “Unobtrusive Usability – eller Hvordan måle brukervennlighet uten å forstyrre brukeren?”. Eg lot meg overtale til å halde dette korte innlegget (PDF, 1mb) om søkelogganalyse.

Kort sagt meiner eg at søkelogganalyse er eit av dei mest undervurdererte enkeltområda innanfor både webanalyse og brukarfokusert utvikling. Søkeloggen viser med reine ord kva brukarane reint faktisk er på jakt etter, på ein betre og enklare måte enn nokon annan marknads- eller brukarundersøking kan få til.

Gjennom enkle analyse av søkeloggen kan du mellom anna:

  • Sjå kva folk faktisk er på jakt etter på nettstaden din (!)
  • Identifisere trendar (sesong, tid på døgnet, nye søkeord)
  • Identifisere null-treff-situasjonar der innhaldet må forbetrast
  • Identifisere for-mange-treff-situasjonar der brukaren treng anbefalingar eller sortering/filtrering
  • Fange opp utbredte feilstavingar og synonym
  • “Spionere” på enkeltbrukarar og få viktig kunnskap om typiske bruksscenarier
  • Få viktige innspel til triggerord/nøkkelord, navigasjon, forsidedesign, etc.

Denne kunnskapen bør så brukast aktivt til å utforme anbefalte treff, lage temasider for viktige søkeord og gjere andre inngrep i innhaldet som kan gi langt betre brukaroppleving og konverteringsrater.

Korvidt vi kan få kvantitative mål på brukarvennlegheit gjennom søkelogganalyse er imidlertid ei heilt anna skål.

Det største problemet slik eg ser det er at det finst fint lite av tilgjengelege verktøy for søkelogganalyse. Unntaka er gode, gamle MS Excel og søkemotoren Mondosoft sin modul kalt Behaviourtracking. Veit du om andre gode verktøy, eller har andre innspel og erfaringar om søkelogganalyse?

Lik dette innlegget
Loading ... Loading ...

1 kommentar


David Daud
5. april 2008
kl. 19:16

Dette her er ekstremt bra info som kan benyttes av web 2,0 og kommende 3,0 inntreserte.

Gi oss din kommentar

eller