Justin Foster (grunnlegger av Video Commerce Consortium i Seattle, Co-grunnleggar av Liveclicker og bloggar på VideoRetailer) opna Webdagene 2008 med å snakka om videohandel som ein del av framtida på web.
Han meiner at ein ser meir og meir bruk av video på internett og at bruk av video i e-handel er det neste logiske steget i utviklinga av handel og reklame på nett.
Fordelen med bruk av video i dag er at alle kan produsera; alt du treng er ein mobiltelefon.
Ok, så kvifor meiner Justin at du skal bruka video?
- Video er det mest virale mediet. Eit eksempel er videoserien “Will it blend” som du finn på YouTube – den har hatt lassevis med visningar og er ein ganske kul marknadsføring (dei sel sjølvsagt blenderar). For eksempel kan du sjå dei testa ut å putta ein iPhone i hurtigmiksen. Det er veldig morosamt og litt dumt – og du sender sannsynlegvis ei lenke til ein kompis.
- Bruk av video er den mest engasjerande måten å overtala folk på.
- Sjølvproduserte videoar gir kredibilitet, ekstra verdi og gjer opplevinga meir personleg
- Du kan òg “stjela” andre sitt innhald, mange er interessert i å spre videoinnhaldet sitt så mykje som mogleg.
- Du kan òg gå for den brukargenererte varianten der kundar/brukarar lagar eigne videoar, for eksempel med korleis produktet ditt fungerar i bruk.
Kva bør du tenkja på før du startar?
- Ikkje lag ein video for å laga ein video, men det må støtta opp om den overordna strategien din.
- Forstå kva det kostar: produksjon-, bemannings-, distribusjons- og utplasseringskostnader.
- Reduser intern friksjon ved å starta med lave kostnader og få med deg andre i bedrifta.
- Mål resultata, og del dei med andre.
- Fortsett å justera og optimalisera etter lansering.
5 tips for betre rangering i søkemotorar:
- Bruk permalinks (Flash har ikkje dette default)
- Generer beskrivelsar av videoen
- Feed tag’ar til andre sider
- Putt inn metadata mens du kodar
- Fokuser på dei du treng å få oppmerksomheiten til
5 tips til høgare konverteringsrate
- Plasser lenker i videoen – når dei ser ein video ser dei ikkje andre stader
- Plasser videoar målretta intelligent og automatisk
- Kryssalg inne i videoen
- Følg med på konverteringstala
- Lag ein kultur for optimalisering
Sånn kjem du igang
- Skaff innhaldet/videoen (kundar, leverandørar, sjølvprodusert)
- Launch a video site (Lavare risiko, mindre teknisk utfordrande, raskt til marknaden)
- Distribuer innhaldet ditt.
Me i NetLife Research har så smått byrja å ta i bruk video på nettstaden vår, og har lagt ut ein video som illustrerar korleis eye-tracking fungerar. Den viser på ein enkel måte korleis det fungerar, noko som kan vera vanskelig å forklara i tekstleg form.
Er det nokon der ute som har gode eksempel på bruk av video på nett?







Vi har laget en stor 
4 kommentarer